Det er stor og uvanleg aktivitet på Oddentunet denne veka – det er gravemaskin, drone, folk med spader, river, teskeier og små kostar i arbeid frå morgon til kveld. Heile hageanlegget blir grave opp og endevendt. Gravemaskin frå Brødrene Langøien anlegg fjerner torv og det øvste laget med jord. Så er det fram med finsleg reiskap for å rense overflata, finne strukturar, plantehól, rester og ymse spor. Droner sirklar over garden for å få gode oversiktsbilete, og alt blir dokumentert. Ei gamal brennevinsflaske dukkar opp, og ein sjeldan moldbenk inn til huset blir grundig undersøkt.
Kvifor alt dette? Narjordet vel lanserte ideen om å gjenskape hagen på Oddentunet. Os kommune og Anno musea i Nord-Østerdalen plukka opp forslaget, og Riksantikvaren bidro med kr 200 000 i verdsarv-midlar til prosjektet. - Som altså er å undersøkje det opprinnelege hageanlegget, dokumentere dette, og kunne rekonstruere ein prydhage mest mogleg lik den opprinnelege.
Når torv og jordlag er fjerna, kjem arbeidet med å tolke samanhengen og få best mogleg svar på korleis hagen såg ut og vart brukt. Forskarane meiner det var minst to hagar - ein prydhage nær huset, og ein nyttehage utanfor denne. Det var prydbusker, bjørker, eit lysthus, stier og hellegangar i geometriske mønster. Planterester er vanskeleg å finne, men ein har nok dokumentasjon og kunnskap til å finne ut kva som voks her. Det er fleire hagelag - det eldste frå tidleg 1800-tal - storhetstida til Oddentunet.

Dei som utfører arbeidet er professor Annegreth Dietz-Schirdewahn, 1. amanuensis Bjørn Anders Fredriksen - båe i landskapsarkietktur / hagekunsthistore ved NMBU, Thea Sørensen og Ove Holsen, arkeologar i Innlandet fylkeskommune, Hans Inge Tømmerhoel, Brødrene Langøien anlegg, Anno musea i Nord-Østerdal, Os kommune og Narjordet vel.
Torsdag kveld kl 18 arrangeres det en kveld med informasjon, omvisning, resultater og planer i prosjektet. Gratis inngang og servering. Velkommen!